Respektfull kommunikasjon

Frå januar til juni 2016 vil barnehagen arbeide med å ha fokus på Respektfull kommunikasjon. Dette handlar om at ein brukar ein positiv kommunikasjon til kvarandre, både verbalt og non-verbalt. Ein arbeidar med at barna skal bli bevisste på at korleis dei uttrykk seg, og at korleis dei uttrykk seg har påverknad på andre. Det handlar også om høflegheit og respekt for andre, og korleis dei vaksne i barnehagen sin veremåte er. På lenka under kan dokke lese om korleis vi i barnehagen arbeidar med dette.