Velkommen til oss

Kjølsdalen Montessoribarnehage er ein privat barnehage i Stad kommune. Då den offentlege skulen blei lagt ned kom det privatskule til bygda som fylgjer montessoripedagogikken. I samme tidsrom, 2013/2014, flytta den private barnehagen i bygda til nye lokaler i samlokalisering med skulen og blei ein Montessoribarnehage. Vi har i dag 38 barnehageplassar, 4 pedagogar, samt fagarbeidarar og assistentar. Barnehageåret 2024/2025 feirer vi 10 år som Montessoribarnehage!

Montessoripedagogikk
Monstessoripedagogikken byggjer på barna sine ibuande interesser og evne til å tileigne seg kunnskap for å forstå livet. Barna skal få rom til å klare seg sjølv, samt oppleve at dei er viktige for fellesskapet. Dei vaksne skal legge til rette for eit miljø der barna får arbeide sjølvstendig med meiningsfulle aktivitetar. Gjennom presentasjonar og arbeid med montessorimateriell tileignar barna seg konsentrasjon, kvardagslege ferdigheiter og ny kunnskap. Vi har 4 tilsette som er montessoripedagogar.

Vi legg opp til at progresjonen til barna skal følgje utviklingstrinna i montessoripedagogikken. I småbarnsfasen er det ein markant forskjell mellom barn frå 0 – 3 år og 3 – 6 år. Desse er dermed delt inn i to avdelingar i barnehagen. På kvar avdeling vil dei finne omgjevnader og aktivitetar tilpassa deira behov. 

I ein montessoribarnehage er det førebudde miljøet viktig. I det førebudde miljøet har ein blant anna eigne montessoriaktivitetar og –materiell. Montessoriaktivitetane og materiellet er delt inn i fleire fagområder. Fagområda i Rammeplan for barnehagen - innhald og oppgåver (Rp17) og fagområda innanfor montessoripedagogikken dekker kvarandre. 

I montessoripedagogikken finst det eige materiell og aktivitetar som støttar opp om alle sider av utviklinga til barna.  

Barna skal få velje å jobbe med det dei har interesse for, og den vaksne viser nytt materiell som kan gje dei lyst til å lære meir. I alt materiell vil barna i tillegg til å øve inn spesifikke ferdigheiter og kunnskap, og få øvd opp bruk av hendene og sansane sine. Montessoripedagogikken seier at hendene er hjerna sitt reiskap til kunnskap. 

Ein presentasjon er når den vaksne viser eit materiell eller ein aktivitet, enten for enkeltbarn eller for grupper. Desse blir gjort på bakgrunn av observasjon. Hovedhensikta med montessoripresentasjoner er å gjere barna sjølvstendige i læringa si. Det er ikkje den vaksne som lærer vekk til barnet, men viser barnet korleis det sjølv kan lære seg ferdigheiter. Det er barnet og materiellet som er i fokus, ikkje den vaksne. 

Fagområda i rammeplanen vil bli dekt av aktivitetar og tema-arbeid innanfor montessoripedagogikken. Det blir lagt opp til at barna skal få utfordringar og utviklingsmuligheiter på alle plan, både intellektuelt, motorisk og innan praktisk arbeid. Barnehagen skal sjå fagområda i samanheng, og alle fagområda skal vere ein gjennomgåande del av innhaldet i barnehagen. 

Maria Montessori var oppteken av at barna skulle få nærleik til natur og få stimulert sansane sine gjennom nærkontakt med naturen. Små barn skal få bevege seg fritt og utvikle motorikk, muskelstyrke og kontroll over rørslene sine. Barnehagen har eit variert uteområde med utfordringar for både dei yngste og dei eldste barna, og vi har gode moglegheiter for turar i nærområdet. 

Barnehagen tilbyr også, i samarbeid med Kjølsdalen Montessoriskule, vasstilvenning/symjeundervisning i svømmehallen på Nordfjordeid. Og vi får disponere gymsalen til Kjølsdalen Montessoriskule.