Dialogsik lesing

Frå hausten 2016 skal vi arbeide med Dialogisk lesing i barnehagen. Dette er ein høgtlesingsmetode vi vil bruke i tillegg til den vanlege høgtlesinga. Vi vel ut bøker vi vil fokusere ekstra på, og arbeidar grundig med desse. Det overordna målet med dialogisk lesing er at barnet gradvis blir den som fortel biletboka. For å komme der er dialogen ein har medan ein les boka viktig. Det er veldig lærerikt at barnet aktivt må bruke språket, den vaksne skal leggje forholda til rette. Vi håpar å oppnå at barna aukar ordforrådet, og at dei skal få ei grundig forståing for ulike ord og uttrykk.
I lenkja under kan dokke lese om korleis vi arbeidar med dette i barnehagen.

Beste praksis, Dialogisk lesing, Kjølsdalen Montessoribarnehage